Sauen som gjekk ut i verda for å søkje lykken del 2

Eit stykke på vegen fann han ein hatt. Det var ein svart hatt, og ligna litt på dei som er i mafiafilmar. 
Dette visste sauen fordi han hadde sett på bonden og familien gjennom vindauget med venene sine, 
når dei hadde sett på ein mafiafilm. Sauen kjende eit lite stikk i brystet. Venene hans, som han bare 
hadde forlatt. Men han rista fort tanken av seg, og såg seg rundt etter hatten sin eigar. Men ingen 
var å sjå. Jaja, finnaren er vinnaren tenkte sauen, og tok den på seg. Så fortsatte han. 

Langt om lenge kom han til ein by. Der var det masse bilar han måtte passa seg for, og mangen folk 
på gaten som stira på han. Mongen av dei prøvde å få tak i han av ein eller anna grunn, men sauen 
slapp akkuratt under kvar gong. Plutseleg høyrde han ein lyd. Ein himmelsk lyd. Han sprong mot der 
lyden kom frå. Der - på gata - satt det ein mann og spelte på eit underleg innstrument. Sauen trippa 
bort og spurde mannen kva innstrument dette var. Mannen såg opp, og svarte at det var ein tuba. 
Hmm, ein tuba, det måtte sauen huska at han måtte skaffa seg. Men akkuratt då han hadde tenkt å 
spørja mannen om kvar han fekk tak i ein tuba. så kjende han at det var nokon som tok tak i han 
bakifrå. Sauen vrei og vrikka seg, men mennesket holdt han i eit fast grep. "Mamma, kan eg ta han 
med heim?" sa mennesket. Sauen høyrde at det var eit føll. Eit menneskebarn. Han stoppa og 
vrikka seg. "Nja, OK då, guten min. Men bare til me finn ut kven som eig den!" sa eit vaksent 
menneske som åpenbart var mor til barnet. Ho bandt noko rundt halsen til sauen, eit band. Sauen 
kunne ha brøte seg laus, men han hadde ikkje hjarte til å gjere eit barn lei seg, eller kanskje skada 
han. Så sauen følgde lydig etter barnet og mora. 

5 kommentarer

26.09.2011 kl.18:14

Haha! Skriv meir!!;)

Potter News

26.09.2011 kl.19:22

Søt historie ^^, <3

E M M

26.09.2011 kl.20:11

Tusen takk ^^

Victoria Hellerud

28.09.2011 kl.18:25

hahaha, serr, jeg digger den historien der!! Si ifra når du legger ut mere!! :D

E M M

29.09.2011 kl.07:12

Takk : )

Når eg skreiv den, så var det "Månedens tema" på Skrivebua.no , så eg måtte ha med ord som "Hatt", "Tuba" og "Kaktus".

Skriv en ny kommentar

E M M

E M M

14, Bømlo

"In the beginning the Universe was created. This has made a lot of people very angry and been widely regarded as a bad move "

Bloggeren


    Her kan du skrive om deg selv, alderen din og hvor du bor, eventuelt mer.

Kategorier

Arkiv


hits